Vinnarane i 16 av idrettane i Bergen Challenge kan dermed kalla seg studentnorgesmeister. Planlegginga kan no for alvor byrje.


Norges Studentidrettsforbund(NSI) tildelte fredag NHHI og Bergen Challenge(BC) statusen som studentleiker og studentmeisterskap. Dermed er fyrste steget i arbeidet med det landsomfattande idrettsarrangementet i boks.

– Me set utruleg stor pris på at NSI gjev oss denne tilliten, fortel leiar for leikane, Jørgen Jøsok Mathisen.

Anset for andre gong
BC er no i full gang med andre ansettingsrunde og opplever stor interesse for stillingane. Etter denne runden vil heile 96 studentar vera tilsett.

– Me gjennomfører litt lenger intervju enn vanleg, for å vera sikre på at me får dei rette folka, seier Rune Nyerrød, arrangementssjef i BC-styret.

Studentleikene går av stabelen for tredje gong 8.-12. oktober 2014. Då vil heile 400 friviljuge NHH-studentar vera engasjert i arrangementet.

– Eg gler meg til å ta fatt på Bergen Challenge for tredje gong, seier Mathisen.