Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Ein liberal leikekamerat


23. oktober 2013
Sist oppdatert: 25. oktober 2013

Å få tilføre ein politisk dimensjon i det mangfaldige NHHS er eit luksusproblem. Potensialet for samarbeid på tvers er stort, skriv Hogne Ulla i Unge Venstre NHH.

Eg får ofte spørsmål om kva eit Unge Venstre–lokallag skal sysle med i Ytre Sandviken. Vel, vi skal ikkje berre sjå ønskjerepriser av Lars Sponheim sine innlegg i Stortinget. Når Unge Venstre no får mulegheita til å få rotfeste på NHH skal vi nytte oss av mangfaldet i studentforeininga. Det er mildt sagt eit luksusproblem!

Når vi i Unge Venstre NHH vil
- Løfte debatten om gründerar sine betingelsar og rettar er det gjerne i samspel med Start NHH.

- Rette fokus på Europa–samarbeid og samkvem på tvers av landegrensene er debatt i lag med GEP eit alternativ.

- Drøfte bistand og utviklingsspørsmål er samarbeid med NHH Aid ei mulegheit.

- Jobbe for betre vilkår for oss studentar er Studentpolitisk Utvalg (SPU) ein fin leikekamerat.

- Utfordre norsk næringsliv til å tenke nytt innan klima og berekraft er samspel med NHHS Energi og NHH–Symposiet ingen fjern tanke.

- Jobbe for auka satsing på forskingsbasert undervisning og høgare utdanning gjer vi det gjerne i lag med Fagutvalget.

- Arbeide for ytringsfridom og personvern tek vi gjerne turen på ein debatt i regi av K7 Bulletin.

- Forsvare rettane til internasjonale studentar i Noreg og norske studentar i utlandet er samarbeid med International Committee (IC) og MEBA Counsil langt frå utenkeleg.

- Drøfte forbrukaren sine rettar og korleis grøne val skal lønne seg for folk flest er det gjerne i tospann med Økonomiformidlingen.

- Diskutere helsepolitikken må det gjerne skje i ein heftig debatt med Høyres Studentforening.

Lista er langt frå uttømande. Vi har berre forsøkt å illustrere potensialet for samarbeid på tvers av underutvalg og interessegrupper. Det imponerande engasjementet som bur i stud.NHH treng ikkje stoppe i Helleveien 40. Vi har mulegheit til å løfte utfordringane det blir jobba med kvar ein dag til eit politisk nivå.

Det er ikkje mange år sidan stud.NHH blei satt på det politiske kartet. Hausten 2008 fekk NHH–studenten Lena Kokab endeleg avslag på sin søknad om opphald i Noreg. Etter å ha kome frå Iran seks år tidlegare blei ho, som einaste medlem i familien, nekta opphald. Ho hadde gifta seg med ein norsk statsborgar, og søknaden blei difor vurdert uavhengig av familien sin.

Det utløyste eit enormt engasjement frå medstudentane. I forkant av Lehmkuhl–forelesninga til Kristin Halvorsen samme haust blei eit hundretals buttons delt ut. Bodskapet var klart: La Lena bli! Etter ein lang og krevjande prosses fekk Lena i mars 2011 viljen sin. Ho var svært takknemleg for støtta frå NHH–studentane.

Historia om Lena fortel oss at det hjelp å engasjere seg. Det hjelp å utfordre dei rundt oss, det betyr noko at vi samlar oss rundt enkeltsaker. Difor er vi optimistiske med tanke på vegen vidare. For vi vil gjerne skape blest blant stud.NHH igjen. Difor kan vi seie at Unge Venstre NHH vil vere ein liberal leikekamerat.

PS! Er du interessert i å bli med i Unge Venstre NHH? Send ein epost til hogne.ulla@gmail.com då vel!

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram