Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Leserinnlegg: Hurra for mangfaldet!

Heis flagget, meiningane dine eller hjertet ditt. FOTO: NHH og privat
Heis flagget, meiningane dine eller hjertet ditt. FOTO: NHH og privat
8. juni 2020
Sist oppdatert: 8. juni 2020

Studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT) i 2018 slår fast at 42 % av dei som har ei anna seksuell orientering enn heterofil, har opplevd problem med å vere open om si seksuelle orientering. Eit forferdeleg høgt tal som viser at vi framleis har ein lang veg å gå for kjærleiken som udiskutabelt er eit allemannseige. Sannsynlegvis er mørketala større enn vi har kjennskap til.

Juni er den offisielle Pride-månaden og set søkjelys på viktige kampar som vi aldri må gløyme har vorte kjempa. Retten til å elske den ein vil, vere den ein vil og at aldri nokon skal måtte forsvare den ein er og legninga si. I fjor feira Pride-rørsla 50 år og temaet var skeiv historie. Årets tema er synlegheit, og i denne særs ekstraordinære situasjonen heile verda er med korona, er det meir enn nokon gong viktigare å skrive, seie og vise at kjærleiken er for alle. Difor er temaet «kjærlighet overalt uansett», anten det er på studieinstitusjonar, i byar, distrikt eller i verda.

Les også: Leserinnlegg: Kapasitetsproblem muligens løst med et dyrt inngripende pennestrøk

Universitetet i Bergen har heist flagget på Muséplassen og flagget vaiar fint på Høyden. Det er eit sterkt signal og eit viktig symbol. Kampen har difor kome langt, men det er stadig saker som viser at ein ikkje er i mål med å sikre fulle rettar til at alle skal få vere den dei vil – utan frykt, hets og truslar. Innan akademia kunne vi i fjor haust lese om saka der Frimodig Kirke Bjørgvin og organisasjonen Til Helhet arrangerte eit seminar i lokala til NLA Høgskolen i Sandviken der tema mellom anna var korleis ein skulle hjelpe personar til “å forlate homoseksuell praksis”. Heldigvis var reaksjonane kraftige og pedagogikkprofessor, Tone Sævi, sa opp jobben sin i protest.

I 2019 slo en rapport frå institutt for samfunnsforskning fast at 23 % av LHBT+-personar i Noreg opplevde hets. Netthetsen aukar i større grad når meir og meir av debatt og diskusjon skjer på nettet. 15 % av LHBT+-personane som svarte også i undersøkinga at dei har motteke truslar. Så lenge prosentane er over 0, må vi halde fram med bevisstgjering og tale saka til alle dei som ikkje orkar eller torer.

Sjølv om det i år ikkje vil vere mogleg å vise si støtte ved å til dømes gå i ein fysisk parade, er det likevel fleire ting ein kan gjere. Ein kan snakke saman, strekke ut ei hand, bruke sosiale media som er eit sterkt påverknadsverktøy, skrive innlegg og engasjere seg. 

Heis difor det du kan, anten det er flagg, meiningane dine eller hjartet ditt for nokon som treng det der ute. Mangfald er nydeleg, det er vakkert og det er vår rolle å ta ein kvar kamp som prøver å innsnevre mangfaldet. Bruk denne månaden til refleksjon og finn ut kva du sjølv kan gjere.  

Vi skal aldri fire på dei grunnleggjande spelereglane for fridomen vår. Historia har bana veg for ein betre kvardag for LHBT+-personar, men vi må aldri slutte å brøyte denne vegen og tråkke den klar for samfunnet vi vil ha i framtida.

Ha ei strålandes feiring av kjærleiken!

 

Har du lest disse sakene?

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram