Tysdag 5.mars stillar vossingen Vinjar Slåtten til start i kulekøyring under Freestyle-VM på Voss med eit håp om medalje.


– Målet for VM har lenge vore medalje. Det meiner eg er realistisk med tanke på kor bra eg kan køyra, seier Slåtten og legg til at han ikkje blir skuffa om han ender opp blant dei seks beste.

VM på heimebane
Kulekøyraren har ikkje lagt seg opp så mykje tankar om korleis det blir å køyra VM på heimebane.

– Det vert nok spanande, men eg prøver å halda det litt på avstand og sjå på det som ein vanleg konkurranse, fortel Slåtten.

For Vinjar startar VM med kvalifisering på tysdag, før ein eventuell finale onsdag, som han sjølvsagt ynskjer å kvalifisera seg for. I tillegg er det parallellkøyring med kvalifisering på torsdag, og finalar fredag.

I god form til VM
– Forma før VM er heldigvis stigande, etter at sesongen starta litt trått, seier han. Han legg til at han har slitt med å få ut potensialet sitt i finalar, men har køyrd betre i kvalifiseringar.

NHH-studenten si beste plassering i verdscupen er ein tredjeplass frå i fjor. Han legg ikkje skjul på at han hadde forventa å vera litt høgare oppe på resultatlistene i år, enn det han så langt har vore. Men prestasjonane har betra seg utover i sesongen.

– Eg kom nettopp heim frå verdscup i Japan, der eg leverte sesongbeste med 10. plass, fortel Slåtten.

Vanskeleg å kombinere med studiet
Han fortel at det å kombinera toppidretten med studiar på NHH ikkje er ideelt, men at det er mogleg på grunn av lite obligatorisk undervisning.

– Dette semesteret har eg vore fire dagar på skulen, så det blir nok eit skippertak i eksamensperioden, seier Slåtten.

På spørsmål om kor lenge han kjem til å satse på kulekøyring, svarar han som ein ekte økonomistudent:
– Når alternativkostnaden vert for høg, kjem eg til å gje meg. Eg kjem til å konkurrera så lenge det er kjekt og økonomisk forsvarleg.

Vinjar Slåtten fortel at han i alle fall kjem til å satsa fram mot OL 2014 i Sochi, der målet er medalje.