Ein tjuv med utvisningsvedtak forsøkte å stikke av med PC og mobil, men vakne NHH-studentar stoppa tjuvferda.

Torsdag 5. november forsynte ein mann av utanlandsk opphav seg av både PC og mobil på biblioteket ved Noregs Handelshøgskole (NHH). Biblioteket er offentleg, og ein treng følgjeleg ikkje studentbevis for å opphalde seg på biblioteket. Tjuveriet vart raskt oppdaga av den fornærma, og tjuven vart først haldt tilbake av fleire NHH-studentar. Etter først å ha roa seg ned, forsøkte tjuven å springe frå staden, men vart nådd igjen av dei same studentane. Tjuven vart halden att av skula si tekniske avdeling før politiet tok hand om han.

-Han har ikkje brote seg inn, men hadde ingenting på skulen å gjere, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Hans Eirik Thue til studentavisa Studvest.

Skal sendast ut
Informasjon om tjuveriet vart raskt formidla over NHHs kjøp- og sal-gruppe, og det viser seg at tjuven også har forsynt seg av verdisakar på NHH tidlegare denne veka. Ein annan NHH-student opplevde nemleg måndag at PC-en var stolen, men fekk gladmeldinga om at PC-en no vart funnen i tjuven sin eige. Denne hadde nemleg tjuven i sekken.

I dag tidleg kom også politiet med meldinga om at tjuven hadde vedtak om utvisning.