Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

DNB-sjef: – Ikkje ha som plan å bli DNB-sjef

Ein fullspekka aula og framoverlente studentar ventar på opninga av Karrieredagane med konsernsjef i DNB, Kjerstin Braaten.

Foto: DNB

I samband med karrieredagane på NHH starta konsernsjef i DNB, Kjerstin Braaten, foredraget med eit bilete av Norges Handelshøyskole. Draumen til Braathen var å studere på NHH, men det gjekk ikkje heilt etter planen.

– Det kjendes som eit slag i ansiktet der og då, men studiar i Frankrike gav meg erfaringar og perspektiv eg aldri ville vore forutan, fortalde Braathen i foredraget.

Motgang byggjer robustheit, utdjupar ho. Med avslag frå NHH vart det ein bachelorgrad i økonomi ved Université Nice Sophia Antipolis, etterfølgd av ein master i finans ved SKEMA Business School, begge i Frankrike. 

Etter studia fekk ho jobb i Hydro innan shipping. Der, etter om lag fire år, fekk ho ei analysestilling i DNB, der ho jobba seg oppover til CFO. I 2019 vart ho sjef for heile konsernet.

Kva skil kandidatane i ein tøff konkurranse?

Konkurransen om toppjobbar innan finans er veldig tøff, men kva er det eigentleg som skil dei som får desse frå dei som ikkje gjer det?

– Ja, det er tøff konkurranse, men eg trur ein må ha gode akademisk resultat i botn og gjerne gjort nokre «utradisjonelle» val, seier Braathen til K7 Bulletin

DNB sine traineestillingar, som kan reknast som ein av desse toppjobbane, ligg ute no. Braathen utdjupar at alle som søkjer har gode akademiske resultat i botn, men dei legg òg mykje vekt på haldning, erfaring, ferdigheiter og kva ein ønskjer å oppnå.

Råd til framtidige leiarar

Mange NHH-studentar drøymer om ein gong å leie team, avdelingar eller kanskje heile selskap. Kva bør ein då prioritere å lære seg utanfor pensumbøkene?

For Braathen er svaret enkelt. 

– Det handlar om menneske. Evna til å byggje relasjonar, å vere nysgjerrig på andre, og å kunne få med seg folk når ein jobbar saman er ein eigenskap KI aldri kan overta. 

Ho understreka òg verdien av å ha det gøy undervegs og tørre å samle erfaringar utan å tenkje for mykje på den langsiktige planen.

– Eg har alltid skåra dårleg på karriereplanlegging i personlegheitstestar. Kanskje er det nettopp derfor eg meiner at det viktigaste er å fokusere på det ein gjer her og no. Nokre gongar viser det seg at ein trivst i leiarroller, andre gongar at ein trivst betre med noko heilt anna, seier ho.

– Lær å lære!

Finansnæringa er inne i ei tid med store endringar, der teknologi og berekraft spelar stadig større roller. For Braathen er det difor ikkje eitt enkelt fag som står fram som det viktigaste, men heller evna til å tileigne seg ny kunnskap og kombinere ulike perspektiv.

– Det handlar om å lære å lære, og om å bruke det ein kan på nye måtar. Teknologi gjennomsyrer alt, så kombinasjonen av tech og tradisjonell økonomiforståing er heilt avgjerande, understreka ho.

Samtidig meiner ho studentar bør velje fag dei er genuint interesserte i, men også vere sta nok til å stå i dei som verkar tunge eller kjedelege. Ofte kjem nytteverdien først seinare i arbeidslivet, når teori kan setjast i praksis.

Eit råd å ta med seg

For NHH-studentane som var samla under Karrieredagene, var bodskapen klar: det er ikkje den perfekte planen som fører til suksess, men nysgjerrigheit, engasjement og evna til å gripe dei moglegheitene som kjem.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram