Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

McUniversitet: Ein McGrad med A-snitt og berekraft, takk!

Lærar vi eigentleg noko, eller ser det berre slik ut?, spør Sondre Grindheim

Karaktersnitta blir høgare og fagkodane har aldri vore så fjonge. Likevel mistenkjer eg at vi les mykje, men lærer lite ved Noregs Aller Høgaste Handelshøgskule.

Det som skulle vere ei tid for vitehug og kunnskap, liknar no mest på eit McDonalds samleband. Studentar kjem ut med det som liknar på McMastergradar: fint danderte karakterkort med A-snitt, ESG-fag og fancy-fagkodar, men ofte lite substans og læring under lokket.

Att sit igjen ein institusjon utan læring i fokus, kor studentar blir produserte med «læringsutbyte» i form av karakterar og studiepoeng, men kor blir det av den ekte forståinga?

Har høgare utdanning mista si sjel?

Læring er bifangst ved høgare utdanning

Når folk spør korleis det går med studiane, har eg pleidd å svare at eg prøver å ikkje la studiane være i vegen for utdanninga mi. Men i jakta på nokre raske studiepoeng tidleg i januar, deltok eg på eit seminar som minna meg på kvifor eg i si tid søkte høgare utdanning.

Små klassar. Forelesarar som stilte krav. Livlege diskusjonar.

Aldri har eg lært så mykje på så kort tid.

Dette fekk meg til å stoppe opp og dvele ved: Kvifor skulle det ta fire og eit halvt år før eg opplevde slik læring?

Svaret mitt var urovekkande:

Læring ser ikkje lenger ut til å væra formålet med høgare utdanning.

Når sjølv ei såkalla prestisjeutdanning som NHH, med alle ressursane sine og dyktige fagfolk slit med dette, fryktar eg at dette berre er toppen av isfjellet i høgare utdanning.

Fokuset er ikkje læring, men gode karakterar

For det første har den enorme karakterinflasjonen i høgare utdanning skapt ein illusjon av kvalitet og premierer lettvinte løysingar.

Der ein student før måtte skilja seg ut for å oppnå toppkarakterar, er det no ei forventing frå både argebidsgivarar og studentar om at majoriteten skal liggja på karakteren A eller B. Konsekvensen er at fokuset blir retta mot karakterar framfor læring. Studentar er ikkje lenger lenger opptekne av kva dei faktisk forstår, men heller ha eit høgt nok snitt så dei klarer inntaksgrensa til konsulentselskapa.

Dette gir nokre merkelege utslag.

Når dei som tilset ikkje veit innhaldet i faga me tek, vil studentane alltid vera insentivert til å velga dei lettaste faga med mest sjenerøs karakterfordeling.

Truleg velger mange studentar fag basert på talet A-ar og B-ar som er delt ut tidlegare semester og «kva er fordelinga i det faget?» er ofte det første spørsmålet i kantina når du fortel kva valgfag du tek.

I staden for å maksimera læring er høgare utdanning dermed redusert til eit spel. Her er målet minst mogleg innsats, for å oppnå lettast moglege studiepoeng og eit best mogleg karaktersnitt.

Når eit fag med ein enkel fleirvalseksamen og snill sensur blir likt vekta som eit fag med obligatorisk oppmøte, krevjande oppgåver og streng vurdering, seier det seg sjølv kva fag dei fleste vel. Kanskje burde me byrja å oppmode dei som vel dei tøffare løypene?

Juks og snarvegar svekkjer integriteten

Nå som me har konstatert at papir og karakterar trumfar læring, er det kanskje ikkje overraskande at mange tyr til snarvegar.

Det er ei utbreidd oppfatning blant studentmassen at juks på heimeeksamenar har vorte eit skremmande vanleg fenomen der mørketala sannsynlegvis er enorme. Om me no gonger jukseproblematikken med dagens nye røyndom med KI har du ein skikkeleg cocktail.

Mange studentar «outsourcer» truleg tenkinga under heimeeksamenar og innleveringar til språkmodellar no som KI enkelt kan produsera oppgåver og svar av høg kvalitet utan at det blir oppdaga.

Men kven kan klandre dei?

Systemet er designa for å premiere strenge formkrav og rette svar, ikkje gode resonnement.

Me risikerer no å utdanna ein generasjon som ser på juks, snarvegar og lettvinte løysingar som norma framfor unntaket, fordi det ikkje får konsekvensar og premieres i form av betre resultat.

Viss institusjonen held fram med å ignorera desse utfordringane slik sykkelsporten gjorde med doping, vil prestisjen og tilliten til høgare utdanning brytast ned over tid.

KPI-fiksering – Når måling fortrengjer meining

Så kva har eigentleg forsårsaka dette?

Sjølv om kritikken eg rettar er mot studentane, er problema i høgaste grad institusjonelle.

For her er fakta. NHH har falle som ei kule på Financial Times prestisjetunge lista over beste utdanningar.

Presset for å gjera det bra på desse internasjonale rangeringa har vorte ei styrande kraft som ofte fortrengjer kjerneoppdraget om læring. Dette er tydeleg i sitatet fra NHHs avtroppende rektor Thøgersen: «Same kva me måtte meina om kriteria for dei ulike FT-rangeringane, er dei viktige for NHH...me må jobba hardt og strategisk, kanskje meir kynisk for å forbetra plasseringa vår».

Å jakta FTs KPI-ar er ikkje nødvendigvis vegen til ein utdanningsinstiusjon av rang. Mange utdanningsinstitusjoner endar med å optimalisera for kriteria til rangeringane, heller enn det som faktisk gagnar studentane og samfunnet.

Slik som BIs korte cruise-seminar til Danmark som kvalifiserar som internasjonal erfaring av Financial Times. Eller korleis ordet «berekraft» no parodisk nok har teke igjen «strategi» som emnenamn, samtidig som det ikkje blir kjeldesortert ved NHH.

Men så lenge leiinga får kvittert inn at berekraft er med, så er dei fornøgde.

KPI? Check.

McDonaldsifisering av akademia

Men kvifor jaktar leiinga KPI-ar og studentar prioriterer karakterar foran læring?

I nyare tid har sosiologen George Ritzer beskriv høgare utdanning som eit praktdøme på korleis samfunnets institusjoner i aukande grad blir styrt av prinspippa effektivitet, kalkulerbarheit, føreseigelheit og kontroll. Dei same prinsippa som gjorde McDonalds til ein suksess.

Universitet som tidlegare var prega av faglege felleskap, kritisk tenking og rom for kreativ utfalding, har no vorte eit samleband redusert til målbare KPI-ar for å produsera kandidatar billigast og mest effektivt.

Ritzer meiner dette gir opphav til «pseudolæring». Aktivitetar som er utforma for å likne på læring, men som i realiteten er billege og effektive kontrollmekanismar.

Fleirvalsprøver. Digitale førelesingar. Heimeinnleveringar.

For institusjonane er dette ei billeg og effektiv vurderingsmåte og for studentane er det ikkje så nøye om interessa, forståinga eller substansen er på plass, så lenge boksen med karakteren «A» er hukt av ved semesterslutt.

På papiret ser dette bra ut. Fleire uteksaminerte kandidatar, fornøgde arbeidsgivarar og studentar med høge karakterar.

Men bak fasaden lurar pseudolæring - ein illusjon av meistring som byter djuptgåande innsikt med overfladisk effektivitet.

McDonaldsifiseringen av akadamia har gjort høgare utdanning til eit produkt. Her er studentane redusert til passive forbrukarar av produktet nærare enn aktive deltakarar i ei kritisk danningsreise.

Høgare utdanning som mettar

Til sjuande og sist handlar dette om insentiv som går feil veg.

Stykkprisfinansieringa av høgare utdanning, der skulane får pengar per student som blir uteksaminert, gir sterke grunnar til å kutta kvalitet og kostnader så lenge studentane og studiepoenga fortset å trille gjennom.

Både dei med innføringskurs i økonomi og leiingar med budsjettansvar veit at små klassar med faglege diskusjoner er eit dårleg forretningskonsept når ein kan servere digitale førelesingar og fleirvalseksamenar langt billegare.

Så lenge pengane vert tildelte etter KPI-ar, prosentar og publikasjonar er det kanskje uungåeleg at utdanninga byrjar likna på eit samleband på McDonalds.

Men noko er i rørsle. Nokre fag. Nokre forelesarar. Endringsviljen finns, eg har håp.

Men håp aleine er ikkje nok.

Skal vi snu utviklinga må vi i felleskap spørje:

Lærar vi eigentleg noko, eller ser det berre slik ut?

For kunnskap er ikkje fastfood. Den er treg, komplisert og stundom seig å tyggja. Men i lengda mettar det langt meir enn ein McMastergrad av multiple choice pynta med KI-genererte heimeeksamenar og snille karakterfordelingar.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram