Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Vann «Årets studentprosjekt»


14. mai 2013
Sist oppdatert: 29. juni 2013
For andre gong er Gisle Birkeland og Rahim Nicolay Ali blitt tildelt prisen «Årets studentprosjekt». Prosjektet deira skal gjera frivillig arbeid enklare og meir effektivt.


Sist veke blei prisen for «Årets studentprosjekt» delt ut av Universum og Microsoft, og prisen gjekk til NHH-student Gisle Birkeland og UiB-student Rahim Nicolay Ali sitt prosjekt Deedly.

- Det er ei utruleg kjekk tildeling å få. Det er ei anerkjenning av at me er på spor av noko bra, seier Gisle Birkeland.

- Deedly er ein nettportal der ein kan kjøpa og selja tenester, der inntektene går til ei god sak. Det er opp til den som tilbyr tenesta kven inntektene skal gå til, og det kan vera alt frå eit idrettslag, ein studentorganisasjon, til ein av dei store frivillige organisasjonane, forklarer Birkeland.

Også i 2010 blei Birkeland og Ali tildelt prisen for «Årets studentprosjekt». Då fekk dei prisen for etableringa av ein sms-basert innsamlingsaksjon for jordskjelvofra på Haiti.

Fjerna alle unnskyldningar

- Me starta Deedly fordi me ønskjer å gjera frivillig arbeid enklare, kjekkare og meir effektivt. Slik det er no har frivillige organisasjonar gjerne 4-5 oppgåver ein kan hjelpa til med. Me ønskjer at folk skal kunna bidra med fleire ting, slik at dei kan gjera det dei er gode på. Då blir det kjekkare å engasjera seg, forklarar NHH-studenten.

På Deedly.no vil det i tillegg til tenester også vera mogleg å legga ut gjenstandar til sals.

- På denne måten ønskjer me å fjerna alle unnskyldningar for å ikkje engasjera seg for gode formål. Det skal vera enkelt å tilby ei teneste, og viss det ikkje er noko du meiner du kan gjera som andre vil betala for, så kan du legga ut ein ting til sals, seier Birkeland.

Ideen til det som er blitt til Deedly fekk NHH-studenten midt på natta for omtrent eit år sidan.

- Eg ringte og vekte Rahim og fortalde han om ideen. Me snakka så vidare om det over nokre dagar og bestemte oss for at me måtte få det til. Me tok kontakt med kjente frivillige organisasjonar og lufta ideen for dei, og fekk då utruleg god respons, seier Gisle Birkeland.

Lansering om kort tid

Det tekniske arbeidet med nettsida er blitt gjort i Bangladesh. Ein betaversjon av nettsida er klar, der det allereie ligg ute tenester folk ønskjer å tilby. Det er blant anna ein symjeinstruktør som tilbyr personleg symjetime, og ein NHH-student tilbyr seg å vera kjærasten din på Facebook i ei veke. Lansering av nettsida vil truleg skje i sommar.

Når sida er oppe og går vil det vera ei form for godkjenningsprosess før tenester folk ønskjer å tilbyr blir publiserte.

- Dei store frivillige organisasjonane har verdiar som me må respektera og ta på alvor, og det vil gi retningslinjer til kva som er lov å legga ut. Men det vil vera rom for både vanlege tenester og meir sære og morosame.

Hjelp frå Microsoft

Premien for «Årets studentprosjekt» er hjelp frå Microsoft til å vidareutvikla Deedly. Dei to studentane vil bli invitert til Microsoft sitt Oslo-kontor, der dei saman med tilsette der skal finna ut korleis Microsoft kan hjelpa dei til å nå måla for Deedly.

Birkeland og Ali kom med Deedly også på andre plass i den regionale runden av Venture Cup, og gjekk då vidare til den nasjonale finalen.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram