Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Eit forrykande show


22. september 2016
Sist oppdatert: 22. september 2016

Under laurdagens konsert var Karpe Diem i fyr og flamme, men denne gangen i overført betydning. Om det var sjølvsagt, er ein annan ting. Det var nemleg brennande heitt i aulaen, og minst ein person gjekk i bakken under konserten.

Det var tydeleg at Bergen ville ha meir av Karpe Diem etter episoden med brannslukkingsapparatet under UKEN. Då duoen valde å legge årets siste konsert til aulaen på NHH gjekk det ikkje lang tid før alle billettane var rivne vekk. Det er kanskje ikkje så rart. Ved å provosere, fenge og røre oss har Karpe Diem blitt ein sjølvsagt del av norsk musikk- og samfunnsbilete, og fleire aviser omtalar dei som det beste livebandet i Noreg.

Bandet leverte, men ikkje publikum
Karpe Diem viste musklar på lørdag! Allereie frå første låt var det full trøkk, og bandet såg verkeleg ut til å kose seg på scenen. Publikum lèt seg rive med, og stemte ivrig i med jubel og hendene i vêret. Ikkje ein einaste song passerte utan at storparten av publikum kunne teksten og song med.

Publikum ønska seg show, og dei fekk show. Det er ingen tvil om at underhaldingsfaktoren var stor, men noko av den magiske stemninga Karpe Diem kan skape var ikkje til stade. Årsaka? Publikum, dessverre. Mange var veldig fulle og la igjen folkeskikken heime. Dette er ei av få gongar eg har følt behovet for å trekke meg tilbake frå et sceneområde, og eg har vore på ganske mange konsertar.

Varm og fuktig aula
Temperaturen i aulaen var slåande. Folk var så blaute at det såg ut som om dei bergenske skyene var komne inn og spreidde duskregn utover lokalet. Heldigvis var det ein og anna blant publikum som tok saka i eigne hender. Om intensjonen var å skape ein illusjon av regn eller å kjøle ned folkemengda er ikkje så nøye, dei fleste sette nok stor pris på å få ein liten øldusj.

Under droppet til «Toyota´n til Magdi», stoppa duoen opp midt i songen då dei såg nokon i publikum gå i bakken. Tilsynelatande gjekk det fint med vedkommande, og konserten held fram som før. Trass i at artistane takla situasjonen bra, skulle det aldri ha vore nødvendig.

Dei merka nok temperaturen nokså godt på scenen også, og mot slutten av konserten utbraut Magdi: «Fy faen, no begynner det å bli varmt». Eg høyrde salen humra, og nokon i nærleiken kommenterte sarkastisk: «Begynner å bli, ja...»

Kritiske til vaffeljakka
Karpe Diem er ikkje redde for å sparke frå seg, og den streite NHH-aren går ikkje klår. I songen «Attitudeproblem» er det ei referanse til den ikoniske vaffeljakka. Chirag seier ironisk: «Fortell meg mer om at du skal til svigers, på kaffe og kake / Og snakker saklig, i vaffeljakke/ Kan’ke du fortelle enda mer om ferien deres?/ Om lille Lotte, som pottetrenes.» Vidare messar han at du kunne følgt draumen din, men at du i staden valde ein sveis som passar inn på Ernst & Young (… Inn på EY, hehe.)

Under Karpe-konsertar er det ikkje uvanleg at Magdi tar ei lita tale eller to, og denne gangen var ikkje noko unntak. Før kjempehitten «Hvite menn som pusher 50» forklarte han at songen i stor grad handlar om kjønn, og at damer burde styre meir. Det fall i god gjord, særleg blant det kvinnelege publikummet.

Sjølv om konserten først og fremst var fest og moro, så kjem ein ikkje unna dei politiske undertonane. Det er tekstane for tydelege til. Eg trur det er eit sunnheitsteikn at «morgondagens leiarar» syng med til Karpe sine tekstar om innvandring og rasisme, netthat og tilhøyrsle, rettferdighet og likestilling.

Trampeklapp
To gangar klappa publikum Karpe inn igjen på scenen. Det må ein jo gjere når sjølve krona på «Heisann Montebello»-meisterverket mangla. Konserten blei sjølvsagt avslutta med kruttønna «Lett å være rebell i kjellerleiligheten din». Songen kombinerer kraftfull melodi og glimrande tekst til ein musikalsk knyttneve mot innvandrarfiendtlege stemmer. Og herregud kor fengande den er! Eit verdig punktum blei sett, og publikum vandra vidare ut i septembernatta. Sveitte, fulle og nøgde.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram