Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Innbrot ved NHH


1. desember 2015
Sist oppdatert: 1. desember 2015

Utstyr for tusenvis av kroner vart borte då tjuvar braut seg inn ved NHH natt til 1. desember.

Haustens tjuveribølge ved Noregs Handelshøgskole (NHH) vil ingen enda ta. Natt til tysdag 1. desember knuste innbrotstjuvar glaset på ei dør, og tok seg inn på eit av studentforeininga sine kontor. Der tok tjuvane med seg ein projektor som var eigd av studentforeininga, samt Mac-en til ein NHH-student. Totalverdien på desse eigendelane er uviss, men det er snakk om eit høgt femsifra beløp. Innbrotet er den nyaste hendinga i ei rekkje av ulovlege handlingar på handelshøgskulen. Tidlegare har det vore snakk om reint tjuveri, men no har altså tjuvane fysisk brote seg inn på skulens lokalar.

Oppfordrar til varsemd

Leiar for Kjernestyret ved Noregs Handelshøgskole si studentforeining, Magnus W. Wirkola, oppfordrar medstudentar å passe på verdisakane deira.

- Det er trist at slikt hender her på NHH. Vi i Kjernestyret oppfordrar folk til å passe på tinga deira og gi beskjed dersom ein ser mistenkjeleg aktivitet. NHH-administrasjonen er informert om saka, og vi har løpande dialog med dei om korleis tryggleiken på bygget kan betrast.

DNA-søk

Politiet var på åstaden i dag tidleg for å setje i gang ei undersøking.

- Vi har gjennomført ei undersøking, og har søkt etter DNA på åstaden. Søket skal inn til ei vidare undersøking, seier førstebetjent ved Hordaland politidistrikt, Pål Roaldsen.

Han oppmodar alle som kan sitte med tips til saka om å ta kontakt med Hordaland politidistrikt.

 

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram