Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Ole Hope går av


5. april 2013
Sist oppdatert: 10. april 2013
Etter tre år som administrerande direktør ved NHH, byrjar han som toppsjef i Business Region Bergen AS


– Eg har fått ein jobb som gjev andre moglegheiter og eg kan eksponere andre sider ved meg sjølv. I tilleg er dette ein meir utadretta stilling med eit breiare mandat enn det eg har no, seier Hope om kvifor han sluttar på NHH.

Business Region Bergan AS(BRB) er ein organisasjon, eigd av 20 kommunar og Hordaland Fylkeskommune, som skal legge til rette for næringsutvikling og rekruttering i regionen.

– Dette er viktige spørsmål og spanande oppgåver eg ynskjer å ta del i, seier Hope og meinar han kan bidra med engasjement, langsiktighet og målretta tankegang i BRB.

Ingen samanheng med mediestøy
I det siste har det vore mykje mediestøy og uro rundt Ole Hope og NHH, men Hope understrekar at jobbyttet ikkje har noko med dette å gjere.

– Eg meldte min interesse for jobben i BRB lenge før mediestøyet byrja, så eg går av heilt uavhengig av det.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram