Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

For gode karakterer?


25. april 2013
Sist oppdatert: 15. mai 2013
Inflasjon: Er det tilfeldig at økonomistudentar får betre karakterar på masteroppgåver, samanlikna med andre studentar, spør Hogne Ulla.


Det viser seg at økonomistudentar i snitt får vesentlege fleire A-ar og B-ar enn andre studentar.
Karakterar på masterarbeid 2008 og 2011

Difor er det sett ned eit utval som skal utarbeide generiske karakterbeskrivingar for masteroppgåver i økonomi og administrasjon – eit utval underteiknande er representert i.

Implementering, kontroll og harmonisering på tvers av institusjonane er nøkkelord. Vidare kan det vere naturleg å revidere sensor-/veileiarvurderingar. Det er som sagt eit heilt klart skilje i karakterfordelingar mellom ulike fagområder. Her skil økonomi-administrative fag og juss seg ut med svært høg andel av A-ar og B-ar.

Er det slik at desse studentane er så mykje smartare enn studentar innan realfag og tekniske fag (MNT)? Neppe. Problemet kan då ligge i at karakterskalaen nyttast ulikt, og at det er ulike oppfatningar om ei god utreiing er ein C eller B. Kva vil det for eksempel seie at D er ein «brukbar» karakter? Dette er grunnlaget for at generiske karakterbeskrivingar på må plass.

Det er vidare viktig at det også blir ført ein kontroll og ei harmonisering av karaktergjevinga på tvers av institusjonane som tilbyr økonomisk-administrative fag. Det er nemleg klåre forskjellar også her. Det burde vere ei sjølvfølgje at ein økonomistudent blir likt vurdert anten han studerer i Tromsø eller Telemark. Slik er det altså ikkje, og det er derfor naudsynt med eit klart og presist rammeverk som kan viske ut desse forskjellane.

karakterar på masterarbeid 2006-2007 og 2009 - samanlikning av institusjonar

Eit anna interessant punkt er sensurforma. Har denne noko å seie for karakteren? Heilt klart. Igjen blir det gitt uttrykk for forskjelleg vurdering og vektlegging. For eksempel: Inngår munnleg høyring i forbindelse med endeleg karaktersetjing? Og er hovudveileiar med på karaktersetjinga? Personleg meiner eg at sistnemnte bør ha ein finger med i spelet, då dette er den personen som kjenner best til arbeidsmetoden og progresjonen til kandidaten. Likevel er det problematisk at veileiar kan ha personleg interesse av resultatet når eigen forsking inngår i arbeidet.

Utvalet har med andre ord eit viktig mandat, og ei krevjande oppgåve. For meg er det nyttig at dokke studentar kjem på bana med meiningar her. Finst det for eksempel andre og betre måtar å vurdere masteroppgåva på? Og kva rolle bør veileiar spele når karakteren skal setjast? Dokke er velkomne til å sende meg ein e-post eller huke tak i meg og slå av ein prat.

Hogne Ulla er studentrepresentant i nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning

Innlegget er forkortet

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram