Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Leserinnlegg: Irriterande på Karrieredagane

Aksel Mjøs, instituttleder for finans på NHH, utfordrer Karrieredagene til å redusere unødvendig forbruk.
NHH Exe Sommerprat
Instituttleder Aksel Mjøs synes det har vært for mye søppel på årets Karrieredager. Foto: Helge Skodvin
23. september 2022
Sist oppdatert: 23. september 2022

For det første, vel gjennomførte karrieredagar, NHHS! Veldig inspirerande med det tverrsnittet av spennande arbeidsgjevarar som deltok, og korleis dette bekreftar at NHH-kandidatane er svært attraktive i arbeidsmarknaden.

Men – og det er eit stor MEN – kvifor så mykje boss? Alle arbeidsgjevarane har bollar, pennar, flasker, bag’ar og andre, stort sett unødvendige, utdelingsgåver som står i stor fare for å verta boss. Alle vi på NHH har det vi treng av slikt, og ingen er vel så lettlurte at ei drikkeflaske avgjer kor ein søkjer jobb?

Vi treng å vera konkrete på å redusera unødvendig forbruk, så eg vil utfordra NHHS til å neste år leggja ned forbod mot utdelingsgåver og mat på karrieredagane. Når de som arrangør gjer dette så vert det likt for alle, og arbeidsgjevarane slepp å lura på om deira gåver er «attraktive» nok! Her snakkar vi om eit svært konkret bærekraftstiltak.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram