Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

– Bygginga går på skinner


27. februar 2013
Sist oppdatert: 28. februar 2013
Assisterande direktør ved NHH, Kurt Petersen, fortel at både økonomi og bygging går etter planen når det gjeld nybygget.

 
Innflyttinga i nybygget ved NHH, som har ein prosjektkostnad på 440 millionar kroner, skal starte 1. april. Då skal arbeidet med å få på plass møblar og inventar byrje.

God økonomi i prosjektet-
- Det er ingenting som tydar på at kostnadane skal overstige det planlagde nivået, seier Petersen og fortel at alle tidspunkt der det kan koma store overraskande utgifter, til dømes dersom ein skulle treffe på ei myr, er passert.

Den siste tida har det gått nokre rykte om ein sprekk i inventarbudsjettet til nybygget. Petersen seier desse rykta er grunnlause og påpeiker:

- Du bør aldri høyre på rykte på denne skulen. Han trur at rykta kjem frå at det blei budsjettert møblar for 20 millionar kroner i langtidsbudsjettet til høgskulen, medan kalkylen for brukarutstyr i haust kom på ca. 40 millionar. Denne kalkylen inneheld blant anna IT-utstyr i tillegg.

- Kostnadane ser faktisk ut til å bli lågare enn i kalkylen, legg Petersen til. Dette er fordi høgskulen har fått betre prisar enn berekna i anbodsrundar.

Ikkje gjenbruk frå Merino
I tillegg til at studentane no slepp å gå den tunge vegen opp og ned Merinobakken, vil det bli gode arbeidsforhold i nybygget. Utstyr frå Merinobygget vil ikkje bli gjenbrukt i nybygget, slik at inventaret skal stå i stil med bygget.

- Det blir eit svært flott bygg, og studentane får fantastiske arbeidsforhold, understrekar Petersen.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram