Rektoratet beklagar problema som har oppstått. Nå tar de tak for å sikre at masterstudentar får ta dei faga dei ynskjer.

 

– Me skal lære av det som har skjedd, understrekar prorektor Sunniva Whittaker

I haust har masterstudentar måtte sitje på golvet (eller stå) i forelesingar og fått problem med studieprogresjonen på grunn av dårleg tilbod av kjernefag på våren. Høgskulen vil no ordne opp i situasjonen.

Skal få sitje
– Studentane skal sjølvsagt få sitje, og ingen skal kvi seg for å gå i forelesing, seier Frøystein Gjesdal, rektor ved NHH.

Problemet har vore spesielt stort i faget BUS400, Økonomisk styring av større føretak, der 177 studentar har måtte kjempe om 147 plassar i forelesningssalen. Dette førte til kaos i fleire forelesingar.

– Skulen var diverre for treige med å reagere, beklagar Gjesdal og nemner at det på grunn av andre fag var umogleg å flytte til større auditorium umiddelbart.

Gjesdal fortel at situasjonen i dette faget har betra seg, og at det no er plass til alle. Men både Gjesdal, Whittaker og dekan for masterutdanninga, Kenneth Fjell, innrømmer at dei ikkje kan vite om det er fordi studentar har gitt opp å få plass.

Tar tak
– Me tar no tak i utfordringa og høgskulen skal setje inn fleire ressursar der det er naudsynt, fortel Gjesdal.

Til våren vil det vera tilbod om eit kjernefag i økonomisk styring (BUS) og frå neste studieår vil to kjernefag bli dublert. Skulen vil også ha faga i nybygget slik at faga kan tas opp og streames.

– Me må unngå at studentar ikkje får tatt dei faga dei ynskjer, seier Gjesdal.

Fjell påpeikar at sidan NHH har svært stor fridom i fagvalet på mastergraden har det vore vanskeleg å planlegge auditoriestorleik til dei ulike faga.

– Me skal bli dyktigare i å tilpasse auditoria til etterspurnaden, seier dekanen. Han meiner det er naturleg at dei bommar nokre gongar, men at dei då skal setje inn tiltak raskt.

Mangel på fagfolk
Ein av grunnane til at det har vore vanskeleg å dublere fag er mangel på fagfolk. Skulen slit med å rekruttere forelesarar av god nok kvalitet.

– Dette er ikkje noko nytt, og noko alle handelshøgskular slit med, meiner Gjesdal og understrekar at skulen jobbar kontinuerleg med rekruttering.

Rektor og prorektor meiner det er fleire grunnar til rekrutteringsproblemet, blant anna eit attraktivt privat næringsliv med gode lønningar. Dei trur likevel dei skal klare å lokke fleire til ein karriere innan akademia.

– Me har stort fokus på dette, og har no ein internasjonal rekrutteringsplan for å få gode fagfolk utanfrå Noreg, fortel Whittaker.

Vil betre studiekvaliteten
Rektoratet ynskjer ikkje berre rydde opp i kaoset, men også styrke studiekvaliteten på andre område. Dei har blant anna oppretta eit pedagogisk utval. Gjesdal og Whittaker føler seg misforstått når folk seier at dei berre har fokus på forsking.

– Undervisning er minst like viktig som forsking, og NHH skal levere god og forskningbasert undervisning til studentane.

Dei ynskjer også å hindre eller reversere den negative utviklinga på Financial Times – rankinga, blant anna ved å auke kvinneandelen og internasjonaliseringa. Gjesdal fortel at fleire av kriteria i rankinga ikkje er mogleg å påverke, deriblant lønnsnivå i Noreg, og at desse kriteria er blant dei som veg tyngst.

– Me må blinke ut dei kriteria som er i samsvar med vår strategi og forbetre oss på desse, meiner Whittaker.