– Nordmenn må arbeide meir, var Hilde Singsaas (Ap) sin klare bodskap då ho kom til NHH for å presentere og få innspel på perspektivmeldinga.

 
Statsekretæren frå finansdepartementet, ein av Sigbjørn Johnsen sine næraste medarbeidarar, var førre veke på besøk for å leggje fram regjeringa sine tankar om den økonomiske utviklinga i Noreg fram mot 2060.

Nyttig innspel frå NHH
Hilde Singsaas hadde tysdag ein presentasjon ved Institutt for Samfunnsøkonomi blant anna om korleis Noreg som velferdsstat skal takle utfordringane med ei eldrande befolkning.
– Dette er ei fin anledning for meg til å få synspunkt frå andre på vurderingane me har gjort, fortel Singsaas før ho held innlegget sitt.

Ho fortel at det er nyttig for finansdepartementet å få innspel og kommentarar frå andre miljø, deriblant NHH.
– NHH har enormt mykje kompetanse som er viktig for oss, seier statssekretæren

Arbeidskraft er det viktigaste
– Min hovudbodskap er at dersom me skal ha ein berekraftig velferdsstat over tid, er det viktig at me jobbar, understrekar statssekretæren og seier at kvar og ein av oss kan jobbe meir enn i dag.
– Olja er svært viktig for Norge, men det er fyrst og fremst arbeidskrafta som er formuen vår, seier Singsaas og legg til at arbeidskrafta er den me skal leva av over tid. Ei berekning frå finansdepartementet viser at noverdien av framtidig arbeidskraft står får 81 % av netto nasjonalformuen.

I meldinga kjem også viktigheita av fleire står lenger i arbeid fram.
– Regjeringa har innført ei pensjonsreform for å stimulere til dette, og er i fyrste rekkje verkemiddelet vårt her, fortel ho og legg til at det ikkje er aktuelt å auka den generelle pensjonsalderen på kort sikt.

Fleire inn i arbeidslivet
– Fleire av dei som står utanfor arbeidslivet må inn i jobb, seier Hilde Singsaas og siktar spesielt til uføre, som i mange tilfelle kan jobba noko i staden for å vera 100 prosent uføretrygda.
Ho peikar også på at alle som ynskjer å jobba heiltid, må få moglegheit til det.
– Men me vil ikkje tvinga nokon til å arbeida fullt, understrekar ho.

Singsaas fortel om ei utfordring som kjem av at Noreg har blitt rikare:
– Fleire nordmenn vel å ta ut delar av rikdommen som ekstra fritid, seier og påpeikar at dette vil bli vanskeleg for velferdssamfunnet over tid, blant anna på grunn av tapte skatteinntekter til staten.

Finnes fleire løysingar
Hilde Singsaas seier at det finnes fleire løysingar på utfordringane Noreg står ovanfor, enn det som har blitt døypt «arbeidslina» av Sigbjørn Johnsen, som regjeringa har diskutert.

– Er det aktuelt å auka skattenivået?
– Dette er noko me diskuterer. Men me har allereie ganske høgt skattenivå i Noreg, og må passa på at skatten ikkje blir så høg at det dempar motivasjonen til å arbeide, svarar statssekretæren. Singsaas nemner at ein anna moglegheit er å auke brukarbetalingar for offentlege tenester, men at dette også er krevjande blant anna av fordelingshensyn.

– Me ser på det som den beste løysinga å auke dei statlege inntektene ved å auke arbeidsinnsatsen, understrekar ho og avsluttar:
– Eg håpar og trur at de som er NHH-studentar no vil jobbe fleire år, enn det dei fleste gjer i dag!