Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Kinakonferanse


24. september 2013
Sist oppdatert: 24. september 2013
Den 13. september blei Kinakonferansen arrangert for andre gong i Bergen. Årets konferanse tok for seg velferd, mattryggleik, og grøn teknologi.

Konferansen, som blei arrangert for fyrste gong ifjor, har som formål å fremje interesse og kunnskap om Kina. Det store spørsmålet for konferansen var korleis utfordringane Kina står overfor i dag kan bidra til innovasjon og utvikling i framtida.
– Betre enn Obama

Werner Christie, tidlegare helseminister i Noreg, la vekt på Kina si helsereform, som berre er nokre år gammal. Christie opplyste tilhøyrarane om at alle i Kina no har ein eller annan form for helseforsikring.
– Det fins mange problem med helsereforma til Kina, men den er i alle fall langt betre enn Obama sin.

Stein Kuhnle, professor i samanliknande politikk ved UiB, har velferd som sitt spesialfelt. Han opplyste om at kinesarane har blitt meir interessert i den nordiske velferdsmodellen dei siste åra, i staden for den amerikanske modellen. Dette, meinte han, er fordi dei nordiske landa har fått innført ei helseordning for alle, samtidig som dei har ein relativt sterk stat.

Tap av mat
Dr. Gang Liu, forskar på NTNU, fokuserte i sin tale på matproblematikken i Kina i dag. Rundt tjue prosent av verdsbefolkninga er i dag busett i Kina, men landet har berre sju prosent av den dyrkbare jorda. Heilt sidan første verdskrig har det vore kampanjar i Kina for å rette merksemd mot problema rundt tap av mat. Ein måte han foreslår å minske tapet på er ved å gi den maten som er til overs til dei som treng det, eller i alle fall til dyr.

– Mykje av maten i Kina er innvollar, det er bra utnytting av dei tilgjengelege matressursane. Det folk absolutt ikkje må gjere er å kaste den.

Matavfall – ein ressurs
Torleiv Næss Ugland ser på matavfall som ein ressurs. Han har etablert eit firma i Kina, HØST ltd., eit firma som arbeider med grøn teknologi. Han fokuserer på å bruke organisk avfall til gjødsel i matproduksjon. På den måten kan han nytte seg av den ressursen søppel faktisk er.

– Frå 2005 til 2025 vil kasting av mat auke med 44 % globalt. Dette må kunne nyttast på ein naturvennleg måte, seier han.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram