Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Kor mykje kostar det å snika på bussen?

Me beskriv risiko med to spørsmål: «Kva er sannsynet for at det går gale?» og «Gitt at det går gale. Kor mykje kostar det?», skriver artikkelforfatter.

Foto: Unsplash
27. mars 2024
Sist oppdatert: 27. mars 2024

Det er eit heilt absurd spørsmål! Det kostar ikkje noko å snika på bussen! Eller?

Sjølv om ein ikkje betalar for kvar gong ein går på bussen, så finst det likevel ein kostnad. I tillegg til den moralske kostnaden ved å bruke eit kollektive gode utan å betala sin rettferdige del, som openbert er til stades, men den ser vi bort ifrå. Gratispassasjerar vil det alltid vera.

Kostnaden ved å snika på bussen er at ein kan bli teken i tilfeldig kontroll. Skyss sender ut sine mest hardbarka vektarar for å snuse opp dei moralsk tvilsame og risikovillige luringane som prøver å dra nytte av gratispassasjerproblemet. Det er ein dyr affære å bli fanga av desse blodhundane. Gebyret for å bli teken utan gyldig billett hos Skyss er 950 kroner (om ein gjer opp for sine syndar på staden), eller 1150 kroner om ein utset skriftemålet til ei seinare anledning.

Ein vel altså å utsetje seg sjølv for ein betydeleg økonomisk risiko. Men! Me beskriv risiko med to spørsmål: «Kva er sannsynet for at det går gale?» og «Gitt at det går gale. Kor mykje kostar det?». For å svara på spørsmålet på eit intellektuelt tilfredsstillande pedantisk nivå må vi altså vurdera begge desse spørsmåla.

Spørsmål nummer to har vi allereie funne eit svar på. Vi kan anta at vi alle er skamfulle skapningar som alltid gjer opp for oss når vi har gjort noko gale. Då kan vi seie at det kostar oss 950 kroner å bli teken. Ein kan jo argumentere for at dersom vi alle var så skamfulle skapningar av Guds nåde, så hadde vi kanskje ikkje snike på bussen i utgangspunktet, men det er eit spørsmål for andre enn underteikna som ein skrinn aktuar å svara på.

Det andre spørsmålet er litt meir interessant. Skyss opplyser ikkje kor ofte dei er ute og snusar opp gratispassasjerar, men heldigvis har underteikna gjort seg nokre observasjonar. Basert på eigen erfaring er underteikna blitt sjekka 15 gonger mellom sentrum og NHH på halvanna år. Basert på at det er ca. 250 arbeidsdagar i eit år, kan vi då konkludere med at sannsynet for å bli sjekka er omtrent (15/250=) 4%. Omtrent ein gong kvar 5. veke. Det vil seie at den forventa kostnaden med å konsekvent snika på bussen er: kr /dagen. Vi antar her at ein bestemmer seg om ein skal kjøpe billett per dag, og ikkje per tur, samt at ein skal både fram og tilbake 38 kroner per dag er ein del høgare enn om ein skal kjøpe ein enkelbillett på veg ut og ein ny på veg tilbake. Med eit månadskort med studentbevis er ein nede på 15 kr/dag, og med eit 180 dagars busskort på 13 kr/dagen.

Det er altså ganske mykje billigare å berre kjøpe seg ein billett.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram