Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Leserinnlegg: Ein professors grubleriar om undervisningsopplegg

Eg har grubla på store spørsmål i jula. Ikkje om små og uviktige saker som Jesu fødsel, død og oppstande, men om livets mest fundamentale, og dessverre òg vanskelegaste, spørsmål: korleis kan eg best lære studentar økonometri?

Professor ved NHH, Arnt Ove Hopland, etterspør studentenes tilbakemeldinger på undervisning. Foto: NHH
3. januar 2022
Sist oppdatert: 21. mars 2022

No er slik grubling ingen sensasjon, tvert om er det ein vesentleg del av jobben min, det einaste uvanlege er at eg denne gongen inviterar Bulles lesarskare inn i tankerekkjene mine. Det er to grunnar til at eg vel å gjere dette no.

For det første fekk ein halvstudert hedgefondrøvar seg i haust til å hevde at NHH-professorar ikkje bryr seg om undervisning. Sjølv om det er freistande å berre riste på haudet av slikt, må vi aldri gløyme at bevisbyrda ligg på meg og mine kollegaer for å vise at han tek feil. Å gje litt innsikt i korleis vi planlegg og utviklar faga våre er i så måte eit lite, men vonaleg ikkje verdilaust bidrag. Den andre grunnen er kort og godt at eg får altfor lite e-post frå studentar. Eg vil høyre meir om kva som fungerar og ikkje fungerar av undervisningsmetodar, både i mitt fag og andre, slik at eg får endå meir godt stoff å gruble på.

Eg underviser økonometri (BUS444N), altså kvantitative empiriske metodar. I haust gjekk faget mitt for niande gong, og opplegget har vore nokså likt heile vegen. Først reiknar eg som besett på tavla medan studentane klamrar seg fast så godt dei kan. Så kjem ein del applikasjonar og trening i programvare. Klassisk høgskule-undervisning med andre ord. Nytt av året var det at eg spelte inn all tavlereikninga på ipaden, som korte og reint tekniske videosnuttar. Desse ligg det lenker til på heimesida mi for dei som vil sjå.

Hopland underviser i økonometri ved NHH. Foto: NHH

Og no kjem vi til kjerna i grubleriane mine. Slike snuttar kan nemleg nyttast på litt ulike vis. Ein måte er slik som dei vart brukt i haust, altså som supplement til klassisk tavleundervisning. Sjølv om eg – naturlegvis – filmar alle mine forelesningar vil nok mange ha glede av å kunne sjå stoffet i komprimert form. Det kan til dømes verenyttig om ein i forkant vil få eit raskt overblikk over kva vi skal gjennom, eller når forma skal finpusast inn mot eksamen. Denne varianten betyr altså at eg ikkje endrar undervisningsopplegget i særleg grad, i praksis fører det berre til at eg droppar nokre få enkle og/eller perifere matematiske utleiingar i plenum.

Ein alternativ bruksmåte er å nytte videosnuttane i staden for klassisk forelesning, noko som vil medføre langt meir omfattande endringar i kursopplegget. Ved dette alternativet vil vi frigjere langt meir tid til dei praktiske sidene ved faget og dei klassiske forelesningane vert erstatta av diskusjonssesjonar der studentane skal løyse oppgåver og diskutere forskningsartiklar.

Denne typen undervisning, på godt norsk kalla «flipped classroom», er populær for tida og vert gjerne framstilt som «moderne», i motsetnad til «gammaldags» forelesning. For ein empirikar er det imidlertid ikkje noko argument at noko er moderne, og for meg som undervisar er det òg slik at det er det som fungerar som er moderne, ikkje nødvendigvis det som er moteriktig.

Dessverre er det ikkje gjennomført mykje god empirisk forsking på desse metodane, men det nyleg publiserte arbeidet til Setren et al. (2021) er av høg kvalitet og tankjevekkande lesning. Forfattarene gjennomfører eit randomisert eksperiment for å undersøkje ein del av dei påståtte fordelane med flipped classroom-teknikkar, og konkluderar:

«Our findings demonstrate feasibility for the flipped classroom to induce short-term gains in student learning; however, the exacerbation of the achievement gap, the effect fade-out, and the null effects in economics, suggest that educators should exercise caution when considering the model.»

Det er altså ikkje opplagt at flipped classroom er ein pedagogisk overlegen metode. Dersom to metodar gjev om lag same læringsutfall, kokar valet av metode i grunn ned til preferansar. Eg må innrømme at etter å ha brukt same opplegg ni gongar på drøye sju år er eg klar for å gjere noko nytt, om så berre for endringa sin del. Hugs at ei kjedeleg forelesning er like kjedeleg for meg som for studentane, og medan dei fleste studentar tek faget mitt berre ein gong, må eg gå der år etter år etter år. Men, at eg er lei av å utlede forventningar og variansar på tavla er i seg sjølv ikkje nokon god grunn til å endre på opplegget. Eg ba derfor studentane som tok faget mitt i haust om råd om korleis eg bør leggje opp undervisninga neste gong.

Eg fekk mange gode og grundige tilbakemeldingar, noko eg er veldig takknemleg for. På direkte spørsmål om kva studentane meiner om å droppe tavleundervisning og la den vere dekka av tavlevideoar, slik at ein får meir tid til applikasjonar på forelesningar, var meiningane veldig delte. Nokre meiner det ville vore fantastisk, men eit lite fleirtal av dei som svarte meinte faktisk at det er ein dårleg idè.

Argumenta i favør av dei ulike metodane er ikkje særleg overraskande. Dei som ønskjer overgong til flipped classroom meiner at fordelane med at vi kan utvide den anvende delen av kurset overgår kostnaden ved at studentane i større grad må lære det tekniske sjølve og at totalmengda pensum vert større (ikkje gløym at meir applikasjonar gjev større totalsum!). Dei som argumenterar i mot legg i stor grad vekt på at sjølv om dei tekniske notatane vert utdelt på Canvas (Hopland, 2017) og snuttane er kjekke, er det veldig lærerikt å ha ein skikkeleg gjennomgong på tavla. Vi skal ikkje kimse av at mange studentar faktisk set stor pris på at reikning vert teken i sakte fart på tavla. Som ein klok mann sa ein gong: «her ska da reknast skapeleg, då lyt ein ta seg tid» (Jensen & Totland, 1988).

Konklusjonen er derfor at eg inn mot neste runde vil vidareutvikle opplegget frå i haust der tavlevideoane supplerar klassiske forelesningar. Sjølv om dei store rammene ligg fast er det imidlertid alltid rom for justeringar undervegs, særleg no når eg er i testfasa på litt nye metodar. Eg håpar derfor på stappfull sal med engasjerte studentar til neste haust.

Referansar:

Hopland, A.O. 2017. Econometrics for Business Research. Tilgjengeleg her: https://sites.google.com/site/arnthopland/teaching.

Jensen, B. & Totland, A. 1988. Fergebilletøren, Platå, spor nr 8. (Salhus-)Vinskvetten.

Setren, E., Greenberg, K., Oliver Moore, O & Yankovich, M. 2021. Effects of Flipped Classroom Instruction: Evidence from a Randomized Trial. Education Finance and Policy, 16, 363-387.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram