Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Ny møteplass for kunstinteresserte


12. mars 2013
Sist oppdatert: 13. mars 2013
Tre NHH-studentar står bak kunstveggen.no, ein ny nettstad der samlarar, kunstnarar og andre kan dele sin felles interesse.


– Me sakna ein stad der me kunne finne informasjon om, og diskutere kunst, fortel Christian Hundevadt, som saman med Gard Eiklid og Fredrik W. Madsen står bak nettstaden.

Dei tre NHH-studentane tok like godt saka i eigne hender og lanserte kunstveggen.no den 7. mars. Målet er at dette skal bli Noreg sin nye møteplass for kunstinteresserte.
– Det finnes liknande utanlandske nettstader men dette blir den fyrste norske.

Nettstaden inneheld både nyheiter og eit forum, og Hundevadt fortel at det er forumet som er det viktigast i konseptet deira. På forumet er det foreløpig blant anna trådar om korleis ein blir kunstsamlar, kunst til under tusenlappen, eigen kunst og mykje anna.

Stor målgruppe
– Det er mange galleri, kunstinteresserte, kunstnarar og samlarar over heile Noreg, seier Hundevadt. Initiativtakarane er trygge på at dei har med ei stor målgruppe å gjere, og har tru på at mange vil ta i bruk nettstaden, som dei vil driva på friviljug basis.

Sidan nettsida opna har forumet allereie fått 60 registrerte brukarar, utan at det har blitt annonsert gjennom noko anna enn facebook. Dette er ein god start, meiner studentane, sidan brukartal på forum har ein tendens til å vokse eksponensielt.

– Me har opplevd stor interesse frå fleire hald. Fokuset framover blir å byggje opp ein brukarmasse som blir eit fundament for nettsida, fortel Eiklid engasjert.

Lanseringsutstilling i Oslo
Hundevadt, Eiklid og Madsen arrangerer lanseringsutstilling for kunstveggen.no i samarbeid med galleriet Bakken Fine Art i Oslo. Utstillinga har opningsfest fredag 15. mars og varar fram til 7. april.

– Med dette arrangementet ynskjer me å skape blest rundt nettsida, og tiltrekkje brukarar, fortel dei. På utstillinga, kalla Contemporary Superstars, kan ein blant anna sjå kunst av Dolk, Banksy, Andy Warhol og Pushwagner. Dei håpar å trekkje folk i alle aldrar, ved å stille ut moderne kunst på eit galleri som vanlegvis har eit eldre klientell.

Dei håpar også på mangfald i brukarmassen på forumet. Eiklid fortel at kunst er for alle, og slett ikkje treng vera dyrt.

– Sjølv om du vil handle kunst på budsjett, treng du ikkje kjøpe eit bilete på Ikea som alle har, men heller eit trykk frå ein ukjend og framstormande kunstnar. Desse kan du finna fram til på kunstveggen.no.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram