Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Skuffande tap for NHHI


24. oktober 2013
Sist oppdatert: 24. oktober 2013
Forrige laurdag gjekk handballgutane på sitt fyrste tap for sesongen då dei tapte 26-33 mot Stord Elite 2.

Laget toppa tabellen før kampen, men med tap måtte dei sjå att nettopp Stord Elite 2 tok over fyrsteplassen. Trenar for NHHI Handball herrar, Joachim Nielsen, var skuffa over prestasjonen etter kampen.

– Me var alltid eit lite steg bak, og kom aldri opp på det nivået me veit me kan.

Dårleg start
Laget fekk inga god start på kampen, med mykje bomskot frå distanse og eit til tider sløvt forsvar. NHHI låg under heile 1–6 før dei vakna.

– Fokus gutar, vart det ropt frå benken under den dårlege perioden. Laget blei utover i omgangen meir aggressive i forsvar, og skotuttellinga betra seg. Bjørnar Kønig Havnen, keeper for NHHI, hadde også fleire gode redningar som hald NHHI inne i kampen.

Like før pause sette laget inn to kjappe kontringar. Stillinga var 13–15 til pause, og NHHI hadde dermed eit godt grunnlag for å ta igjen Stord, og få sin femte siger for sesongen.

Stord tok over
NHHI hald eit høgt pasningstempo i byrjinga av andre omgang, og i det 33. minutt utlikna NHHI sin høgreback til 16–16. Då såg det ut til at det skulle bli ein jamn kamp, men derifrå og ut tok Stord over kampen.

– Me ber preg av at me manglar ein del spelarar, og nokon er nok også påverka av gårsdagens femtekullshow, forklarar Nilsen.

Andre omgang var prega av ein del upresise pasningar frå begge lag. Stord klarte å gjere det NHHI ikkje gjorde i fyrste omgang, å utnytte feil. Laget fekk dermed svært mange kontringsmål imot.

Eit betre lag
Med fem minutt igjen av kampen låg NHHI under 24–31 og håpet om siger var lite. Dei prøvde likevel ein siste offensiv ved å sette merke på to stordspelarar, utan at det gav nemneverdig effekt. Kampen ebba ut til 26–33 siger til gjestene frå Sunnhordaland.

– Me møter eit veldig bra lag, og må erkjenne at dei var betre enn oss i dag, sa Nilsen etter kampen.

Trenaren fortel at kampen alt i alt var svært skuffande og at dei aldri kom opp på meir enn eit middelmåtig nivå. Han vil likevel trekkje fram noko positivt frå kampen.
– Me har tre debutantar i dag. Blant dei synest eg spesielt Jonas Hagen gjorde ein god kamp som midtback utifrå føresetnadene.

God sesongstart
Før kampen mot Stord var NHHI uovervunnen i serien, med ein svært solid målforskjell.

– Sesongen så langt har elles godt over all forventning. Spesielt sidan me har mista heile ti spelarar frå ifjor.

Laget har derimot fått inn ein god del nye spelarar, og har blitt ei veldig stor og god spelargruppe, ifølgje Nilsen. Dette har gjort den gode seriestarten mogleg.

– Me har vore i ei flytsone i dei fyrste fire kampane, men er diverre ikkje der i dag.

Vil kjempe i toppen
Med ein god sesongstart har NHHI skaffa seg eit godt grunnlag for å kjempe i toppen av 2. divisjon. Vinnaren av serien får spele kvalifisering om 1.-divisjonsplass.

– Det er ikkje urealistisk at me kan vinne serien, men me er nok ikkje i nærleiken av å vere eit førstedivisjonslag. Det krev stor satsing, meiner Nilsen men legg til at det hadde vore moro å få prøve seg i ein kvalik.
Nilsen meiner at når dei har alle spelarar på plass er dei vanskelege å slå, samtidig som dei kan tape mot alle på ein dårleg dag. Han er klar på at dei har mål om å kjempe i toppen av tabellen.

– Me tar ein kamp av gangen, men eg blir skuffa dersom me ikkje hamnar blant topp fire på

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram