Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Unyansert bilete

I sitt lesarinnlegg «Luksuriøse honorarer ved universitet» i førre K7 Bulletin går Nguyen til frontalangrep på honorerte verv i Studentbergen og dei som innehar dei. Problemet er at innlegget gjev eit grovt unyansert bilete av høvet.
I sitt lesarinnlegg «Luksuriøse honorarer ved universitet» i førre K7 Bulletin går Nguyen til frontalangrep på honorerte verv i Studentbergen og dei som innehar dei. Problemet er at innlegget gjev eit grovt unyansert bilete av høvet.
25. april 2013
Sist oppdatert: 3. mai 2013

I sitt lesarinnlegg «Luksuriøse honorarer ved universitet» i førre K7 Bulletin går Nguyen til frontalangrep på honorerte verv i Studentbergen og dei som innehar dei. Problemet er at innlegget gjev eit grovt unyansert bilete av høvet.

Martin synsar mykje i sitt innlegg. «Mange kan si seg enig at NHHS er Norges beste studentorganisasjon» kan du sjølvsagt meina mange meiner, men det er ikkje eit gyldig argument. Ei heller «Tross store budsjetter kan jeg ikke si at Studvest er noe bedre avis enn K7 Bulletin.» er basert på empiri og korleis du kan prova at «Mange av studentene ved NHH jobber minst like mye som dere [studvestredaktørane] uten å få et flatt øre.» og kvifor det har relevans må du gjerne utdjupa. Det det kokar ned til er dårleg skjulte retoriske verkemiddel som ikkje tilfører debatten noko, men fremjar Martin sine synspunkt basert på synsing. La oss forsøkja å sjå på fakta.

Påstandar om at ein har «fete honorarer» i studentmediene fell på steingrunn. At ein redaktør, som ein forventar skal arbeida på fulltid, får 115 450 kr i året er det motsatte av «fete honorarer», det er luseløn. Som einaste forventa inntektskjelde utgjer dette 1,4 G, før skatt. Om ein skattar etter tabelltrekk står ein att med kring 100 000 kr, 1,2 G. Dette er vesentleg mindre enn dei 1,5 G Norsk studentorganisasjon (NSO) arbeider for til heiltidsstudenten og 100 000 kr under fattigdomsgrensa. Studvestredaktørar går ikkje på luft og kjærleik, om dei skal sitja på fulltid må dei ha honorar deretter. Påstanden om at Studvest, med Røysted i spissen, mjøler si eiga kake er òg totalt utan ryggdekking.Ting blir ikkje sant av di du får dei på trykk.

Martin skriv at «[...] flere av studentorganisasjonene, blant annet Studentersamfunnet og Kulturstyret, har kuttet i honorarene sine[...]». Dette er direkte feil. Samfunnet har ikkje hatt honorar, og fylgjeleg ikkje noko å kutta, og som tidlegare medlem av budsjettkomitéen har du kort hukommelse. Som det står i Kulturstyret sin søknad «Kulturstyret ønsker at honorarnivået for leder og nestleder skal ligge på samme nivå som de tre foregående år.» Det er altso ingen kutt i honorara slik du påstår. I innlegget går Martin hardt til åtak på ansvarleg redaktør i Studvest. Det er ikkje Yvonne som har løyd løn til seg sjølv, det gjorde Velferdstinget i Bergen (VT). Det gjorde representantar frå UiB, HiB, NHH og dei andre medlemsinstitusjonane i SiB. Kvifor får ikkje dei som faktisk har avgjort dette gjennomgå på same måte og kvifor møter du ikkje opp i VT for å debattera dette sjølv? VT har opne møter for alle SiB-studentar.

Du avsluttar ditt innlegg med å oppmoda til debatt, og det er bra, men innlegg som dette, med faktafeil, personangrep og ugrunna påstandar bidreg berre til forvirring og uklårleik, ikkje til konstruktiv debatt og ordveksling.

Og for ordens skuld, eg òg kan skriva under med tittel.

Tor Sivertsen Prestegard
Leiar av budsjettkomitéen i Velferdstinget 2012 @torprestegard

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram