Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Lite vestland på Karrieredagen Vest


For tredje år på rad har næringslivsutvalget arrangert Karrieredagen Vest, for få NHH-studentar til å bli igjen på vestlandet.Stands, speed-bedriftspresentasjoner og populærforedrag med Paul Christian Rieber står på plakaten.

 
- Me ynskjer å setja fokus på jobbmoglegheitane som finnes på vestlandet, seier leiar for Karrieredagen Vest (KDV), Hanne Boge. Ho fortel at det er ein tendens til at stud.NHH flyttar til austlandet etter endt utdanning i Bergen, og at dei ynskjer å hindre dette.

Mange av bedriftane som deltar på KDV, er ikkje typiske vestlandsbedrifter, men store nasjonale eller internasjonale selskap. Hanne forklarar dette med at desse bedriftene har kontor på vestlandet, og at dette er ein moglegheit for desse bedriftene til å snakka med dei som vil arbeide på vestlandet, sjølv om dei har kontor over heile landet.

- Me har prøvd å få tak i nokre oljerelaterte bedrifter, som er typisk for vestlandet, men mange av desse velger å prioritere Karrieredagen på hausten, seier Boge. Ho legg til at sidan dei berre har arrangert KDV i tre år, arbeider dei framleis med å byggje opp merkevaren.

Rekrutterar NHH-studentar til vestlandet
Deloitte er eit av selskapa som er representert på karrieredagen, og dei ynskjer vise kva dei har å by på for å rekruttera NHH-studentar.
- Sjølv om vi ikkje er ei typisk vestlandsbedrift så har vi fleire kontor på vestlandet, blanta anna i Bergen som me ynskjer å rekruttera til, fortel Kim Ask, ein representant frå Deloitte. Han seier og at Deloitte-ansatte har moglegheit til å flytte mellom fleire av kontora deira.

Karrieredag_Audun Strøm_6_skalbrukast

Deloitte har mange moglegheiter for studentar som dei ynskjer å formidle på Karrieredagen Vest. Blant desse er to internship, casedag og stipend til dei som ynskjer å ta master i regnskap og revisjon.
- Karrieredagen Vest er ein fin moglegheit til å få kontakt med studentar, og rekruttere dei beste til vestlandet, understrekar Ask.

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram