Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Mindre lønn, meir velferd!

– Det er både gledeleg og imponerande at det er frivilleg arbeid som står bak det mangfaldige tilbodet studentane har i Bergen.
– Det er både gledeleg og imponerande at det er frivilleg arbeid som står bak det mangfaldige tilbodet studentane har i Bergen.

Hausten er her; med nye studentar, nye semesteravgifter, og nye muligheiter for studentpolitikarane i Bergen til å skape mest muleg studentvelferd for kronene som kjem inn. Dette er krevande, men vi kan blant anna sjå på tilbodet om gratis psykolog, gode treningstilbod og helsefondet som teikn på at mykje blir gjort riktig. Likevel kan vi ikkje slå oss til ro med ein situasjon der vi bruker mesteparten av studentane sine pengar på lønn til enkeltpersonar.

Vi som studerer på NHH og er aktive i NHHS, er vant til ein foreiningskultur med høg grad av engasjement, kvalitet, mangfald og frivillegheit. Dette er ikkje unikt for NHHS; desse karakteristikkane er tvert imot noko som pregar heile student-Bergen. Det er både gledeleg og imponerande at det er frivilleg arbeid som står bak det mangfaldige tilbodet studentane har i Bergen. Likevel er det ein politisk debatt om vi skal bruke studentane sine pengar på å lønne utvalgte verv, eller om desse pengane kunne skapt meir velferd ved alternativ disponering.

Urettferdig og inneffektivt

Studentpolitisk utvalg i NHHS har lenge hatt reduksjon av lønna verv som ein av kjernesakane i møte med studentpolitikarar frå andre skolar i Bergen. Det er hovudsakleg to grunnar til dette. For det første er det grunnleggande urettferdig at studentaviser som Studvest, K7 Bulletin og Stoff gjer det samme arbeidet, men at det berre er den førstnevnte som får støtte til lønn frå Velferdstinget for å gjere dette arbeidet. I verste fall kan denne forskjellsbehandlinga føre til at den frivillege kulturen blir svekka.

For det andre utgjer lønna verv over to millionar kroner kvart år av studentane sine pengar som ikkje kan brukast på legar, psykologar, treningssenter, boligar, rådgiving, arrangement eller alle andre gode formål som semesteravgifta skal gå til. Som forvaltarar av studentane sine pengar bør vi ha nok respekt til å få mest muleg velferd ut av kvar krone.

Andre drivkrefter enn lønn

Det er mange faktorar som fører til at det år etter år blir lagt ned enorme mengder frivillege årsverk i studentforeiningane. Kva som driv ein, varierer naturlegvis frå person til person. For mange er det ønsket om å betre medstudentar sin kvardag som er viktigast, mens for andre kan det vere det sosiale miljøet ein får ta del i, eller rett og slett muligheiten til å pynte på CV’en sin. Alle desse faktorane er like viktige, sidan dei gjer at vi som studentar kan ta del i eit mangfaldig, tilgjengeleg og godt studentmiljø. Desse faktorane gjer også at det er konkurranse om å få slike verv, sjølv om dei ikkje er lønna.

Ved kommande budsjettbehandling i Velferdstinget vil representantane frå Studentpolitisk utvalg som vanleg jobbe for å halde andel lønna verv på eit minimumsnivå. Ikkje fordi vi ikkje verdsett innsatsen til dei som har desse verva, men fordi vi meiner at vi kan få meir studentvelferd for pengane ved å bruke dei andre stader.

 

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram