Medan ein del fadderbarn fortsatt låg og sov etter måndagens klubbdåp, og andre hadde byrja oppladinga til kveldens pubrunde, møtte også mange opp til Peppes pizza kjellarleiker.


Deltakarane vart delt opp i lag og måtte gjennom mange ulike postar i kampen om sigeren, før rebusløpet vart avslutta med pizza frå Peppes. Rebusløpet vert arrangert for at dei nye studentane skal få oppdage kjellaren og hemmelegheitene den skjuler.

Vincent Aardalsbakke, fyrste års masterstudent var ein av dei som deltok.

– Kjellarleikane er veldig kjekt. Det er bra det blir arrangert slike aktivitetar, seier han. Den tidlegare BI-studenten Aardalsbakke fortel og at han har fått eit svært godt fyrsteinntrykk av NHH.

Variert program
Deltakarande var gjennom eit svært variert program i kjellarleikene. Blant anna var det hjernetrim med Optimum, dansing med Extravadance og quiz med Peppes pizza.

Det var stor aktivitet i dei aller fleste kjellarromma. Kva som gjekk føre seg inne hjå Svæveru er uvisst, men fleire internasjonale studentar som kom ut av «Maus» utbraut:

– This is crazy!

Vellukka arrangement
Eline Aspeli, ansvarleg for kjellarleikene, var nøgd med opplegget men noko skuffa over oppmøte. Ho meiner Dragana Kulovic2tidspunktet for arrangementet er hovudgrunnen til dette, sidan det kolliderer med rafting og ligg tett opp til Pub til pub.

– Eg skulle ynskje det var fleire som kom, men det er veldig kjekt for dei som kjem og for kjellargruppene som får vist seg fram.