Sorbonne Living leiger ut det dei kallar luksusleilegheitar til studentar, men har blitt kraftig kritiserte for ikkje å halde ord. Vi har besøkt eit av kollektiva.


I 2010 etablerte eigedomsinvestorane Eivind Bysheim Hokstad og Asgeir Steinsland Hansen firmaet Sorbonne Living. Dei leiger ut det dei marknadsfører som luksusbustader, og tek seg betalt deretter.

Luksusen blir lova å komme i form av strøken standard, nærleik til både studie og uteliv, gratis trening, pluss ein eigen concierge som kan hjelpe med alt frå skifting av lyspærer til å hente foreldre på flyplassen. Sorbonne Living lovar høg trivselsfaktor, eit godt tryggleikssystem og fast oppfølging.

Føler seg lurt
I sommar har Sorbonne Living fått negativ merksemd i media, fordi nokre leigetakarar ikkje syns standarden held mål. I juni publiserte Bergens Tidende ein reportasje om utleigeselskapet. Der tok fleire studentar frå bygningen Sorbonne kalla «Det kvite hus» eit oppgjer med selskapet. Studentane rapporterte mellom anna om sprekker i golvet og ein vegg som heldt på å gå i oppløysing.

– Det verste er eigentleg den totale mangelen på kommunikasjon. Eigarane tek oss ikkje seriøst, fortalde Ørjan Steien til BT.

SiB advarer
Alle desse feila og manglane rapporterte dei vidare til utleigefirmaet, men dei opplevde at lite blei gjort for å ordne opp i problema. På nettsida til Sorbonne har firmaet spesifisert at «fast oppfølging» skal inngå i konseptet deira, men dette syns ikkje studentane dei fekk. Den fungerande bustaddirektøren i SiB Bolig, Per Kristian Knutsen, trur ikkje det er uvanleg at studentar ikkje får det dei betaler for på bustadmarknaden.

– Vi høyrer ofte om slike tilfelle. Det er trist for alle som blir ramma.

Nye leigetakarar kritiske
Enden på visa blei at tolv av dei fjorten kollektivbuarane i det omtalte luksuskollektivet flytta. Martin Næss Myhrvold, som nettopp har flytta inn i samme bygning er einig i kritikken angåande manglande kommunikasjon frå huseigarane si side, og skildrar den som «rotete».

– Eg skjønte med ein gong at Sorbonne ikkje er så proft som det kan sjå ut som på nettet, seier Myhrvold.

– Avviser kritikken
Fredrik Michalsen, marknadsansvarleg i Sorbonne, avviser at det har blitt gjort feil når det gjeld branntryggleiken i kollektivet, og at nettopp tryggleik er svært viktig for føretaket. Likevel opplyste studentane i reportasjen frå Bergens Tidende om at eit soverom i kollektivet mangla brannstige. Brannvesenet blei heller ikkje varsla då alarmen gjekk av, fortalde studentane. Michalsen opplyser om at Bergen brannvesen ga ut ein tilsynsrapport som godkjente forholda i bygningen berre åtte månader før desse klagane kom på trykk.

– Om påstandane i artikkelen hadde hatt rot i verkelegheita, så hadde sjølvsagt ikkje Bergen Brannvesen gitt ein tilfredsstillande rapport, hevdar Michalsen.

Michalsen seier føretaket er audmjuke og tar kritikken seriøst, og skal gjere alt dei kan for å tilfredsstille dei som er misnøgde.

– Rett frå barnerommet
Nyinnflytta Myhrvold har ein teori om kvifor Sorbonne Living har fått så stor negativ merksemd i media.

– Eg trur ein del av dei som har gått ut i media og kritisert Sorbonne kanskje kjem rett frå barnerommet.
Han utdjupar at nokon av dei som flyttar inn i Sorbonne sine kollektiv tenker at «dette skal bli flott, det er jo mykje finare her enn heime». Så blir dei skuffa, rett og slett fordi dei har urealistiske forventningar til det å bu heimanfrå.

Marknaden er der
Han meiner det er viktig å skilje mellom det som er eit problem og det som berre er litt dårlegare enn forventa. Sjølv syns han ikkje at manglane skildra i Bergens Tidende er noko problem. Myhrvold seier at han trivst godt i kollektivet, og at Sorbonne Living alt i alt held det dei lovar. Kollektivet er absolutt finare enn dei førre leilegheitene han har budd i. I staden for å fokusere på det negative, har han nokre positive ord å seie om grunnleggarane av utleigeselskapet.

– Eg trur eigarane av Sorbonne er unge folk som har vore flinke til å sjå mogelegheiter. Dei tilbyr god standard til ein litt høgre pris enn vanleg, og har funne ein marknad for det, seier Myhrvold.