Nyhet! Vi har lansert ny nettside. Del gjerne feedback enten på epost eller på Jodel.

Annonsere?

Hei, Eilertsen!

FOTO: Privat
FOTO: Privat
17. september 2018
Sist oppdatert: 17. september 2018

Eg er imponert, over at du nok ein gong tør stille opp med fullt namn og kritisere NHHS og brorparten av medlemmane. Det trur eg neimen ikkje det er så mange som hadde turt. Med tanke på at eg sjølv har lese det meste som blei skrive på jodel forrige omgang veit eg ikkje om eg hadde tolt den psykiske påkjenninga av å ta kampen ein gong til. Du har bein i nasa, det skal du ha. Førre gong lot eg vere å skrive motsvar, men denne gongen klarer eg ikkje halde kjeft. I lesarinnlegget ditt i Bulle den 16. september lister du opp ei rekke påstandar og seier blant anna at du ikkje har merka noko endring i studentmiljøet, og det synes eg er oppriktig trist. Både fordi det betyr at du åpenbart ikkje har fått ein betre studiekvardag, men og fordi at dette då truleg gjeld fleir enn berre deg. Med tanke på det arbeidet som har blitt lagt ned i studentforeninga den siste tida, både for å utvikle nye og opne konsept, slik som NHHI Active, men og for å synleggjere dei ulike lågterskeltilboda som allereie eksisterer, er det trist at det ikkje når ut til alle. Det blir tydeleg at ein framleis har ein veg å gå, sjølv om eg personleg meiner eg at det første og viktigaste steget mot ei betre studentforening er teke.

Det siste halvåret har eg, både som jente og som NHH-student, måtta høyre på og tole at der kjem bekymringsmeldingar frå både nære og fjerne. Det kunne til tider framstå som om alle rundt meg hadde fått føre seg at eg både blei mobba, utestengt og trakassert i min kvardag. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har forsøkt å formidle bodskapen om at eg faktisk har det kjempebra, og ikkje kunne vore meir tilfreds med mitt val av både studieretning og studiestad. Då eg for litt over eit år sidan flytta til Bergen og ikkje kjende eit einaste menneske på NHH tok studentforeninga imot meg på ein måte eg aldri kunne sett føre meg. Det kan hende eg berre var heldig, hadde flaks og traff på rett folk, men dess fleire nye studentar eg blir kjent med, dess vanskelegare har eg for å tru at det kan ha vore tilfeldig. Vegen frå å sitje heilt taus, litt livredd og nokså nervøs på immatrikulering til å bli heilt oppslukt av NHHS var ikkje lang. Det tok ikkje lange tida før eg var med på Uke-gleden, før eg sat på pubquiz i kjellaren, før eg åt pizza på FM og hørte på diskusjonar om instruksendringar og oppretting av nye lag, før eg deltok på foredrag og debattar, før eg innsåg at det var litt for mykje eg ville vere med på, og litt for få timar i døgnet til å delta på alt.

Eg har etter kvart blitt ein av dei som bruker litt for mange timar i løpet av ei veke på NHHS, fordi det er gøy, og eg liker det. Det er lærerikt, eg får god erfaring og har fått mange gode vener. Men, det krev også mykje. Eg mistenker at dersom ein legg saman alt arbeidet som blir lagt ned i NHHS, så ender ein opp med eit betydeleg antal årsverk. Uløna, heilt frivillig. Dette er unikt, og det er viktig at vi ikkje tek det for gitt. Poenget mitt er at desse tilboda med låg terskel var til stades før ein sette igong skittentøyvask i riksdekkande media. Viljen til inkludering og dei flotte folka var der fra før av. Dette er ikkje dei einaste lågterskeltilboda ein finn i studentforeninga. Frå Avbrekk blei oppretta i 2016 har dei arbeidd for å gjere kvardagen betre for stud.nhh, bl.a. avholdt ei rekke arrangement, treningar i samarbeid med idrettslag, hundekos i eksamensperioden. Ope for alle som vil delta. I haust har ei gruppe engasjerte NHHS-medlemmar, ein del av dei du omtala som 5%-eliten, teke grep og oppretta NHHI Active for å skape ein arena der alle kan delta. Heilt uavhengig av kven ein identifiserer seg med eller kor ein høyrer til.

Det er ikkje til å stikke under stol at akkurat det å kjenne på tilhørighet er noko mange verdset høgt. Eg må ærleg innrømme at eg har litt problem med å godta det at du vil ta frå enkelte grupper uniformering og begrense bruken av til dømes kårband på interne arrangement. Eg klarer ikkje heilt forsone meg med tanken bak ein politikk der ein aktivt går inn for å jamne ut skilnader ved å fråta enkelte goder, i staden for å arbeide for at dei same godene skal bli tilgjengeleg for flest mogleg andre. Eg kan berre bruke mine eigne erfaringar, og eg har ikkje noko tal på om dette stemmer eller ikkje, men eg vil likevel forsiktig hevde at dei fleste arrangement i regi av NHHS og interessegruppene ikkje er studentergalla. Sjølv overlevde eg heilt fint mitt første år som NHH-student utan verken uniform eller kårband ved dei anledningane der det kunne ha vore aktuelt. Eg trur derimot at det å snakke om uproblematiske ting som om det var eit problem fort kan bli problematisk. Dersom ein seier til nokon at dei ikkje er bra nok eller kule nok fordi dei ikkje har kårband mange nok gonger, så vil dei til slutt tru på det, kor banalt det enn måtte virke.

Begrens uniformering på interne arrangement er ikkje den einaste brannfakkelen du kaster ut. Trass i at diskusjonane om Sveiseaften og sanksjonar ved uheldig oppførsel er viktige å ta, vil eg av omsyn til lett identifiserbare individ og grupper påstå at dette er noko ein heller burde ta over ein kopp kaffe, kanskje tre. Eg innser at der er ein reell risiko for at du ikkje oppfattar det slik, men eg ser at du har fleire gode poeng, og eg er, tru det eller ei, einig i ganske mykje av det du skriv. Det som får meg til å reagere er svart/kvitt-framstillinga di av situasjonen, og det som for meg framstår som ein manglande vilje til å akseptere at det faktisk har skjedd ting i NHHS. Mange har prata om deg som ein fin fyr, Eilertsen, og det trur eg verkeleg at du er. Men, eg går rundt med ei kjensle av at du dei siste par månadene har teke på skylappar. Og det frustrerer meg, spesielt når eg ser kor mykje innsats så mange legg ned for å gjere studiekvardagen betre. For alle, ikkje berre 72%-eliten.

  • Her kan du lese flere av innleggene fra debatten om NHH-miljøet

Vil du delta i debatten? Send en mail til red@k7bulletin.no

Relaterte innlegg

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram