Kjære @nhh på Jodel

By |2019-03-26T11:33:33+00:0011:27, mars 26th, 2019|Leserinnlegg|
Linn Antonie Solheim, Eksternansvarleg i Kjernestyret og over gjennomsnittet oppteken av studentdemokrati. Foto: Privat

Som de sikkert har fått med dykk, så er vi i dag midt inne i vårvalget. Eg vil derfor komme med ei lita oppfordring til alle, uavhengig av om du bruker Jodel eller ei: respekter dei som stiller til val!

I går var det valutspørjing i aulaen, og så og seie alle kandidatane som stilte til val troppa opp og svarte på spørsmåla stud.NHH hadde sendt inn til valgruppa på førehand, eller stilte på sparket der og då. Sjølv nytta eg høvet til å stille spørsmål, ettersom dette, med unntak av å kontakte kandidatane direkte, er i av få gode moglegheiter for å få eit betre innblikk i kva ulike kandidatane meiner om saker og ting. Valutspørjinga i går var avgjerande for korleis eg stemte, då det på fleire stillingar er konkurranse i år.

Skjermdump fra Jodel

Konkurranse eller ei, det er viktig å hugse at dei som stiller til val må gjennom ein tidkrevjande og skummel prosess. Eg har sjølv stilt til val i NHHS to gonger, begge utan konkurranse på valdagen. Det var skremmande nok i seg sjølv, og då er det viktig at vi tek vare på kandidatane og skaper ein god valkultur, der det ikkje er skummelt å stille, uavhengig av korleis utfallet av valet blir. Eg trur det er eit viktig steg på vegen til å auke oppslutning og deltaking i valet. For, det er viktig å hugse på at å stille seg til disposisjon for eit tillitsverv ikkje berre er CV-pynt og det som tidlegare har blitt omtalt som ein popularitetskonkurranse. Dei som sit i styrer og verv rundt omkring i ulike delar av studentforeininga vår ofrer timesvis med arbeid for at fellesskapet skal fungere. Dette er viktig å hugse på. NHHS er eit stort maskineri som er tufta 100% på frivillig arbeid, og er noko vi burde vere veldig stolte av. Det er ikkje mange andre stader ein klarer å fylle så mange tillitsverv på val, utan å betale, frå ein relativt sett like liten populasjon. Derfor blir eg litt ekstra oppgitt når eg, berre timar etter ein kjempespennande diskusjonssesjon i aulaen, les postar på Jodel i stor grad diskrediterer legitimiteten til dei som stiller til val, trass i at vi denne gongen har konkurranse på fleire av stillingane.

Derfor vil eg kome med ei lita oppfordring til alle som les dette: møt opp i speilsalen, snakk med kandidatane på stand og bruk stemmeretten din! Dersom vi skaper engasjement rundt valet, og ein god kultur, vil det truleg senke terskelen for å stille til val for dei som sit gøymd i krikar og krokar av foreininga og vurderer det, men ikkje tør, fordi dei bekymrer seg for kva alle andre kan seie.

Godt val.

Linn Antonie Solheim, Eksternansvarleg i Kjernestyret og over gjennomsnittet oppteken av studentdemokrati

Vil du også skrive leserinnlegg? Send det til red@k7bulletin.no

Les også:

Vil gjøre NHHS engelskspråklig

Reisebrev: Et halvt år i Russland

Oljefonddirektøren med klare budskap til NHH-studenter og næringslivet

20